Berre for læraren

Me gler oss til at elevane kan følge Elin sin blogg og få oppgåver med ekte tall frå forskningstoktet. Men me må snike inn litt informasjon til deg som er lærar, slik at du får vite litt meir om kva som ventar elevane. Du kan lese det Elin har førebudd i kompendiet med oppgåver. Oppgåvene elevane får vil bli på norsk. Data frå toktet vil bli levert som filer slik at elevane kan hente tala inn i GeoGebra.

Det er ofte hektisk på tokt, og det er ikkje alltid at Elin kan svare på spørsmål. I Bergen sit difor bakkemannskap som kan følge opp elevane. Marius Årthun er havforskar ved Geofysisk insitutt, og har doktorgrad innan det samme fagfeltet som Elin. Han er klar til å svare på spørsmål om havstrømmar, sjøis eller andre ting elevane måtte lure på.

Det er første gong me gir elevane tall direkte frå iskanten. For å vite om dette er noko som blir brukt på skulane, set me stor pris på om du melder deg på lærargruppa på skolelab.no. Der kan du sjølvsagt krysse av dersom du ynskjer e-post når Elin legg ut nye oppgåver i januar/februar. Kor mange som melder seg på lærargruppa, vil vere eit signal til oss om det er interesse i skuleverket for at forskarane “bloggar tall” til elevane.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.

Olaug Vetti Kvam
Skolelaboratoriet i realfag
Tlf. 55 58 22 27
olaug.kvam@uib.no

iskanten_antarktis
Ein av Elin sine figurar frå kompendiet: Den raude pila viser varmt vatn som strømmer inn under iskanten i Antarktis.