Verdas kaldaste havvatn

Mens Elin er på tokt i Amundsenhavet er eg på tokt til Filchner-Ronneisen som ligg heilt sør i Atlanteren, i Weddellhavet.

Isdekke i Antarktis er som ein hatt. Inne på kontinentet ligg den fleire tusen meter iskappa, toppen av hatten, men ut mot randområda blir isen tynnare og flyt på havet som ein hattebrem. Denne flytane delen av isen heiter isbrem på norsk, men som oftast seier vi isshelf. «Hattebremmen» er ikkje like brei rundt heile Antarktis-kontinentet, men delt opp i to store og mange mindre isbremmar.

Fleire av dei små isbremmane, spesielt på den Antarktiske halvøya og i Amundsenhavet blir dramatisk tynnare på grunn av auka tilførsel av varme frå havet. Isbremmane spelar ei viktig rolle i stablisering av isdekket i Antarktis og i produksjonen av det kaldaste og tyngste vatnet i havet. Det store spørsmålet er kva som skjer med dei største; Ross- og Filchner-Ronne-isbremmane, og om vi kan risikere at is-kappa over vest Antarktis kollapsar.

PS&Svein_RonneDepot

Verdas kaldaste havvatn blir produsert under Filchner-Ronne-isbremmen i Antarktis, i volum verdas største flytane lekam. Dette superkalde havvatnet er kjelda til det tyngste vatnet i verdshava, det Antarktiske botnvatnet, som dekker mesteparten av botn i Stillehavet, Indiahavet og Atlanteren. Isbremmane er også ei motkraft som hindrar innlandsisen i å strøyme ut i havet. Om isbremmane smeltar, aukar utstrøyminga av innlandsis til havet og havnivået vil dermed stige.

Inntil nå ser vi ingen teikn til auka smelting av Filchner-Ronneisen, men nokre klimamodellar viser at dette kjem til å endre seg i nær framtid (50 år). I følgje ein modell vil smeltinga av undersida av Filchner-Ronne isbremmen auke frå i dag 20 cm/år til 4 m/år i 2060 p.g.a auka tilførsel av varme frå havet. Dette vil få dramatiske konsekvensar med kraftig stigning av havnivået.

Det er langt frå sikkert at dette vil skje, men det er eit veldig viktig klimaspørsmål og det er grunnen til at eg nå er her sør i isøydet. Vi må forske på om havsirkulasjonen vil endre seg slik at meir varmt havvatn strøymer innunder isbremmane, og så må vi bygge observatorium der vi kan måle endringar i havstraumane over mange tiår.

Det er slike observatorium vi nå bygger inne på Filchner-Ronneisen og i havet utafor. I havet der vi kan segle med isbrytarar består observatoria av måleriggar slike som Elin har omtala. For å gjere observasjonar under isbremmen må vi første bore oss gjennom isen og til det treng vi mykje utstyr og drivstoff. I år har den tyske isbrytaren Polarstern frakta utstyr og drivstoff fram til Ronneisen der vi bygger eit depot med mange tusen liter drivstoff. Til å frakte det til der vi skal bore, bruker vi beltevogner av same type som blir brukt til å preparere skiløyper og slalåmbakkar. Sledane som vi frakter tankane med drivstoff på er berre eit stort stykke plastikk.

For å lage eit hol gjennom den mange hundre meter tjukke isen bruker vi varmt vatn som vi pumper gjennom ein slange og fram til boren. Boren er eit tungt røyr med ei dyse som spyler og smeltar isen mens den sakte blir senka ned gjennom isen.

Inne i isen er det -25°C og vatnet i holet frys difor etter kort tid, så vi må vere raske med å sette ut instrumenta som skal måle i havvatnet under isen. Instrumenta er kopla til ein kabel som går gjennom isen slik at dei kan sende data til overflata. Når instrumenta er på plass er det berre å la holet fryse igjen og starte med å observere kva som skjer havstraumane under isen.

 

Svein Østerhus
Uni Research Klima

Artikkelen “God jul fra isødet” på nettsidene til Bjerknessenteret

 

Oppgaver og øvelser

Norsk

Svenska